Nyhetsarkiv

  • PLANLEGGINGSDAG FREDAG 31. MAI

    Minner alle om at barnehagen er stengt fredag 31. mai 2019.

  • Søknad om redusert foreldrebetaling

    Frå 1.mai 2015 skal ingen husstandar betale meir enn 6 % av inntekta si for ein barnehageplass. Maksimalpris for ein barnehageplass er 2 990 kroner pr. månad.
    Husstandar som har ei samla brutto inntekt under 541 500,- kroner, kan søkje om reduksjon i foreldrebetaling.

  • God Påske!

    Personalet i Golvsengane barnehage ynskjer barn og foreldre ei riktig GOD PÅSKE !

    Vi minnner om at barnehagen er stengt i veke 16, og fyrste dag i barnehagen etter påske er tirsdag 23. april.

  • Vel bestått fagprøve som barne- og ungdomsarbeidarar.

    Vi gratulerer dei fire flotte medarbeidarane våre i Golvsengane barnehage med vel bestått fagprøve !

  • Eg lurer på...........Barnehagedagen 2019


    I dag 12. mars er den nasjonale barnehage-dagen, med tema " Eg lurer på....."
    Alle 8 avdelingane markerer denne dagen, og vi lurer på og undrar oss over i lag med ulike opplegg og aktivitetar både inne og ute. Sjå meir dokumentasjon i frå barnehage-dagen på kvar avdeling og heimesida til avdelingane!

  • Karneval / fastelavensfeiring !

    Fredag 1. mars feirar vi karneval og fastelaven i bhg. Små og store på alle avdelingane har laga ulike masker, hattar og antrekk utifrå det temaet dei jobbar med! Dette blir ein festlig dag med sang, dans og fastelavensbollar !

  • Endring av barnehageplass - barnehageåret 2019/20

    Foreldre/føresette som ynskjer å søkje om endring av barnehageplass

    frå 15.august 2019, må sende elektronisk søknad om endring av plass til Eid kommune.

  • Parkeringsplassen

    Vi minner på at alle må vere obs. både ved innkøyring og utkøyring av parkeringsplassen til barnehagen!NB! Bruk lav fart, og hugs at bilane ikkje skal stå og gå på tomgang ! Dette for tryggleiken til både barn, foreldre og personalet !!!

  • Jula 2018

    Personalet i Golvsengane barnehage ynskjer barn og foreldre ei riktig GOD JUL. Vi takkar for godt samarbeid også i dette barnehage-året. Minner om at siste dag i bhg før jul er fredag 21. desember og at bhg er stengt onsdag 2. januar pga planleggingsdag for personalet. Fyrste dag i bhg for barn og foreldre i 2019 er torsdag 3. januar.

  • Takk!

    Tusen takk til alle som støtta oss på FN-dagen. Vi samla inn kr. 7000,- som vi sendte til fadderbarnnet vårt Davor i SOS-barnebyer.

  • FN-dagen 24. oktober.

  • Planleggingsdagar i oktober.

  • Barnehagar i Eid 2018 / 2019 Barnehageruta.

  • Barnehageåret 2018 - 2019

    Vi ynskjer nye og "gamle" barn og foreldre velkommen til nytt barnehageår.
    Eit nytt og spennandes barnehageår ligg foran oss; fullt av utfordringar og opplevingar både for små og store! Vi gledar oss!
    Sidan barnehagen er stengt onsdag 15. augst pga planleggingsdag for personalet, så blir den fyrste dagen for barna torsdag 16. august.

  • Planleggingsdag 15. august!

    Vi minner om at barnehagen er stengt onsdag 15. august pga planleggingsdag for personalet!

  • Minikonsert med Kulturskulen.

    I dag holdt Kulturskulen en flott konsert for barna i Golvsengane Barnehage. Utrolig kjekt at de har en slik konsert for oss.

  • Sommarfest 7. juni.

    Velkommen til sommarfest torsdag 7. juni i Golvsengane barnehage frå kl. 15.00
    På grunn av brannfare blir det ikkje grilling i barnehagen, så ta med anna mat og drikke:-) Program ved førskulebarna kl. 16.00.
    Vel møtt!

  • Sprenging ved barnehagen!

    Norsand fortsetter med sprenging også neste uke (uke 22). Foreldre/foresatte må følge de instrukser de får ved levering/henting av Norsand. Norsand stopper traffikken når de skal sprenge og alle barna må da være inne i barnehagen.

  • Uteområdet i barnehagen

    Det foregår litt bygge/ maskinaktivitet på uteiområdet i barnehagen.
    På vestsida av barnehagen driv ein på med ferdigstilling av vognskur, mens på austsida av barnehagen held kommuna på å ordne til området rundt sklia.

  • GOD JUL

    Personalet i Golvsengane barnehage ynskjer barn og foreldre ei riktig GOD JUL og eit GODT NYTTÅR! Vi takkar for eit godt samarbeid også i år, og ser fram til mange nye fine og gode dagar for komande år!

    Vi minner om at barnehagen er stengt tirsdag 2. januar pga planleggingsdag for personalet, så fyrste dag i 2018 for barn og foreldre blir onsdag 3. januar!

  • NB! Parkeringsplassen!

    Vi minner om at alle må holde lav fart når ein køyrer inn og ut av parkeringsplassen! Både små og store brukar dette området for å komme til og frå barnehagen, og då er det viktig at alle blir sett !!!

  • FN-DAGEN 24. oktober

    Vi inviterer foreldre og søsken til haust-fest tirsdag 24. oktober frå kl. 15.00 - 16.00.
    Salg av pølser m/brød, platekake og kaffi til kr 10,- pr. del.
    Inntekta går til fadderbarnet vårt - SOS barnebyer. Velkommen :-)

  • Samarbeidsutvalet 2017 - 2018

    Samarbeidsutvalet i Golvsengane barnehage for barnehageåret 2017 - 2018.

  • Planleggingsdagar 9. og 10. oktober

    Vi minner om at barnehagen er stengt mandag 9. og tirsdag 10. oktober pga planleggingsdagar for personalet.

  • Foreldremøte torsdag 14. september.

    Vi ønsker velkommen til foreldremøte torsdag 14. september i Golvsengane Barnehage.

  • Tapas og kaker!!

    Små og store i Golvsengane Barnehage har i dag kosa seg med tapas og kaker som vi fekk etter Eid Kommune sitt tilsettetreff i går kveld. Tusen takk for god mat!

  • Velkommen til barnehageåret 2017 / 2018

    Vi ynskjer barn og foreldre velkommen til nytt barnehageår ! Sidan barnehagen er stengt tirsdag 15. august pga planleggingsdag for personalet, blir den onsdag 16. august fyrste dag for barn og foreldre:-)
    Vi gledar oss til nytt barnehageår !

  • Tirsdag 15. august 2017

    Vi minner om at barnehagen er stengt tirsdag 15. august p.g.a planleggingsdag for personalet.

  • Sjumilssteget

    Sjumilssteget- til beste for barn og unge. Foreldrerettleiing med fokus på dialog og fellesskap.

  • Sommarfest !

    Velkommen til sommarfest torsdag 8. juni i Golvsengane barnehage!
    Vi stiller med varme griller frå kl. 15.30, og de sjølve tar med det som de vil ha av mat og drikke!
    Program med førskulebarna kl. 16.00
    Vel møtt!

  • Utruleg spennande tur med avdeling 5 i dag!

    Utruleg spennande tur med avdeling 5 i dag! Vi såg ein ugleunge og mammaen hans/hennar :-) Vi var sjølvsagt nødt til å så litt uglebilete då vi åt frukt i dag. Ungane sto som tente lys og observerte fugleungen. Vi sto ikkje meir enn 20-30 meter unna. Ei fantastisk oppleving for oss alle saman :-)

  • Planleggingsdag 26. mai

    Vi minner om at barnehagen er stengt fredag 26. mai pga planleggingsdag for personalet!
    Vi ynskjer barn og foreldre ei riktig god helg:-)

  • Vårfest for barnehagane !

    Mandag 15. mai er den tradisjonelle vårfesten for alle barnehagane i Eid :-)
    Togruta er som før; vi går frå Eid bhg kl.10.45 - Rådhuset - Eidsgata - Kyrkja - Lotevegen og tilbake til Eid bhg.
    Etter på fortsetter vi festen her i Golvsengane barnehage med pølser, saft og is!
    Hipp - hipp - hurra !

  • Uteplassen oppe.

    I dag blei den "fargerike" hytta vår fjerna , til fordel for at vi får jamna og asfaltert dette området. Den gamle leikehytta vil seinare bli erstatta av ei nytt leikeapparat :-)
    Vi ønsker små og store ei riktig god og solrik helg :-)

  • PÅSKA 2017

    Hei!
    Vi ynskjer barn og foreldre i Golvsengane barnehage ei riktig god påske! Vi gler oss til å treffast etter påska, tysdag 18. april.
    God Påske.

  • Tur til Sagastad og Myklebustskipet. Førskulebarna fikk sjå på bygging av det flotte Myklebustskipet.

  • Barnehagedagen 2017

    VI VIL LEIKE.


    Her kjem barnehagedagen i bilder.

  • Barnehagedagen 14. mars

    I år blir den nasjonale barnehagedagen markert 14. mars. Tema i år er leik og leiken si betydning for vennskap - med slagordet " Vi vil leike" Vi i Golvsengane bhg vil lage til fleire leikestasjonar ute der barna får vere med på ulike aktivitetar som bl.a spel, lese bøker , veving og snekkring!

  • SKI/ AKEDAG for førskulebarna

    Førskulebarna har idag kosa seg i nydelig sol i hjelmelandsdalen. Ski, aking, grilling og kakao. Ein topp dag!

  • SOLA ER TILBAKE!! 30.1.2017

    Idag klatra sola over fjellet og traff oss med lys og glede.
    Vi feira med nydelige appelsiner og gul saft til fruktmåltidet.

  • Godt nyttår!

    Minner om at det er planleggingsdag mandag 2. Januar. Barnehagen er då stengt.Vi opnar att tysdag 3. Januar. Vel møtt.

  • Juleutstilling 2016

    Velkommen til å sjå vår flotte juleutstilling. Små og store barn har vore med å bidratt til ei unik utstilling. Den er verdt eit eller fleire besøk.
    Den er står framme til 21.desember.

  • Nytt vognskur

    Frå i dag av startar Stårheim Bygg opp med bygging av nytt vognskur (nede vest) så då blir snart den blå conteineren fjerna!!!
    Vi håpar at alle har forståing for at ein del av ute-området blir avsperra denne perioden, og vi gledar oss til det ferdige resultatet:-)

  • Takk :-)

    Tusen takk til alle som kom og deltok på basaren vår.
    Takk til alle som kjøpte lodd og mat, og takk til alle som bidro med gevinstar og mat til kafeen:-)

    Vi fekk inn tilsaman kr 19 700,. som går uavkorta til fadderbarnet vårt Slavica (SOS- barnebyer)

  • Samarbeidsutvalget 2016 - 2017

    Dette er representantane i samarbeidsutvalet for Golvsengane bhg-året 2016 - 2017:
    Frå foreldra; Rannveig Myklebust Løvlid og Hallgeir Sandal
    vara: Astrid Oline Mikalsen og Jan Ove Kolseth.
    Frå personalet; Kari-Anne Vedvik og Sunniva J. Henden
    vara: Torill Marie K. Karlsen og Jørn Smørdal

  • Basar / kafe 20. oktober

    Torsdag 20. oktober inviterer vi til basar / kafe i barnehagen frå kl. 15.00
    Det blir høve til å kjøpe lodd og mat i kvar etasje av bhg.
    Inntekta går uavkorta fadderbarnet vårt Slavica (SOS-barnebyer).
    Velkommen:-)

  • Opera besøk på operahuset

    Førskulebarna har idag vore i operahuset og fått omvisning frå denne haustens operaoppsetning, HOFFMANNS EVENTYR. Operasjefen Kari S. Pavlich fortalte og viste oss hattar, kostymer, kulisser, lyssetting og orkestergrava.
    Vi avslutta med lunsj i foajeen

  • Planleggingsdagar 10. og 11. oktober

    Minner om at barnehagen er stengt mandag 10. og tirsdag 11. oktober pga planleggingsdagar for personalet!

  • Brannvern veke

    Barnehagen har denne veka hatt fokus på brannvern. Barna og vaksne har samtala mykje kring temaet og har hatt brannøving.
    Vi avslutta veka med besøk av brannbilen, der fikk alle som ville spyle på Håvard med brannslangen.
    Dette var stor stas

  • Kom og sjå!

    Det er alltid kjekt når bossbilen kjem!

  • Teater: Fiskekongen

    I dag har vi hatt besøk av Barnehageteateret som har vist oss eventyret om Fiskekongen. Manuset bygger på Brødrene Grimms eventyr om fiskeren som fanget selveste Fiskekongen og om kona som stadig ønsket seg mer og mer.

  • Maleverkstad

    I dag vart det skikkelig haustvèr, og det passa godt å male litt kunst for å henge på veggane! :)

  • Leikens moglegheiter

    Det begynte med ei hinderløype og enda opp i ei høg bøttetrekant på over 1,6 M
    Nokon av førskulebarna på avdeling 7 og 8 bygde dette mesterverket ilag.

  • Oppstart av nytt barnehagår på avdeling 5

    Første veka av nytt barnehageår er godt i gang, nye barn blir kjende med oss og dei som har gått i barnehagen førre barnehageår, er godt i gang med leik og utforsking. Vi har kosa oss i sola denne veka, ein herleg start for både store og små!

  • BARNEHAGERUTA 2016/2017

    Hei, her er planleggingsdagane for barnehageåret som vi straks startar på. Greitt å vi vite slik at de kan planlegge og veit når barnehagen ikkje er open. Datoane for planleggingsdagane er desse:

    Måndag 15. august 2016
    Måndag 10. oktober 2016
    Tysdag 11. oktober 2016
    Måndag 2. januar 2017
    Fredag 26. mai 2017

    Barnehagen er også stengt på julaftan, i romjula og nyårsaftan, i tillegg stengt 10. april - 17. april i samband med påska.

  • VELKOMEN TIL NYTT BARNEHAGEÅR 2016/2017

    Vi startar barnehageåret med planleggingsdag måndag 15. august og då er barnehagen stengt. Førstedag for barna og foreldre vert då tysdag 16. august.
    Håper alle har hatt fin ferie og er klare for nytt år!
    Venleg helsing personale i Golvsengane barnehage

  • Gapahuken tek form

    Gapahuken er planlagt å vere ferdig til nytt barnehage år.
    Vi gledar oss til å ta den i bruk.

  • Gardsbesøk for førskulebarna

    Siste torsdagen i mai, gikk turen til Alsaker på garden til Hanne Liland. Alle fikk sjå på dyr og fikk plukke egg.
    Vi hadde med pølse med brød som vi grilla. Ein koselig og flott tur.

  • Personal møte

    Personalet hadde 23.mai personalmøte for å planlegge avlevering av beste praksis om RESPEKTFULL KOMMUNIKASJON.

    1.juni skal vi avlevere arbeidet vårt for Haugen barnehagen og Kjølsdalen montessori barnehage.

  • Vi har hatt dugnad🌱

    Personalet har hatt dugnad og laga det fint i barnehage til 17.mai.
    Vi kosta, rydda og planta nye trær, bærbusker og planta blomster.

  • Felles førskulegruppe tur til vårsetra

    Siste torsdagen i kvar månad går førskulegruppene på av 3,4,7 og 8 ilag på tur.
    28/4-16 gikk turen til froskedammen på vårstra.