Vigilo: Informasjon til foreldra i Golvsengane barnehage

Informasjon til foreldra i Golvsengane barnehage

Som mange av dykk allereide er klar over så skal alle barnehagane (og skulane) i Stad byrje med Vigilo. Nokre er alt komt godt i gang med dette, og alle skal praktisere dette seinast frå nytt barnehageår 15. august 2020.

Dette inneber at Vigilo vil «erstatte» fleire av dei digitale informasjonskanalane, og heimesida vår vil blant anna bli avslutta frå 1.juli. Månadsplaner, bilder og anna informasjon frå avdelingane vil altså heretter bli lagt ut på Vigilo.

Det er også laga eit nytt samtykkeskjema (likt for alle bhg i Stad), der alle føresatte må gå inn på Vigilo og fylle ut slik at det er klart til oppstart 15. august.  

Alle dei 8 avdelingane har fått kvar sin Ipad, og dette blir den nye «dagboka» for kvar avdeling, der fråvær, info og meldingar blir kommunisert.

Dersom de har spørsmål eller lurer på noko så ta kontakt med Håvard, Sølvi eller Øyvind.

Linker:

https://vigilo.no/for-foresatte/

Nordfjordeid, 22.06.2020